Stillingsannonse:

Avisa Nordhordland søker digital journalist

Søknadsfrist: 03. april

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Avisa Nordhordland opplever sterk digital vekst og jobbar for å styrke posisjonen ytterlegare blant lesarane.

Vi søker difor etter ambisiøse journalistar som vil løfte avisa i ein heildigital kvardag.

Dette er deg:

Du ivrar alltid for å vinne konkurransen om nyheitene og jaktar på dei beste vinklingane. Du likar å skrive alle typar saker, fotograferer sjølv og er sterk digitalt.

Du har stor arbeidskapasitet, er produktiv og jobbar strukturert både sjølvstendig og i team. Du ser stor verdi i lesartal og innhaldsanalyser og er svært aktiv i sosiale medium.

Du må ha førarkort på bil, like å vere på farten og trivst i møte med folk.

Stillinga inngår i turnus der du jobbar sjølvstendig med frontredigering på kveldar og helg. Erfaring med denne typen arbeid er ein fordel.

Vi kan tilby:

  • 100 prosent fast stilling.
  • Eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø med kollegaer som samarbeider tett og heiar kvarandre fram.
  • Ein spennande og variert jobb i ein region der det skjer mykje og tempoet er høgt.
  • Utvikling og oppdatert kompetanse gjennom landets leiande lokalaviskonsern Amedia.

Lokalkjennskap er ein fordel. Dersom du tidlegare ikkje har hatt fast stilling som journalist, ber vi deg legge ved minst 3 arbeidsprøver som viser kva du står for som journalist.

Les mer om hvordan det er å være ansatt i Amedia her.

Spørsmål om stillingen kontakt:
Journalist Sirill Heimdal på tlf: 97716612 mail: sirill.heimdal@nordhordland.no, eller ansvarlig redaktør Trond Roger Nydal på tlf: 48891138 mail: trond.nydal@nordhordland.no

SØK STILLINGEN HER:

Firma: Avisa Nordhordland

Avisa Nordhordland er eigd av landets leiande lokalaviskonsern, Amedia. Vi er sju tilsette, derav fem i redaksjonen,
og held til i nye og trivelege lokale sentralt plassert i Knarvik senter. Vårt primære dekningsområde er
Nordhordland-regionen, som omfattar kommunane Alver, Austrheim, Masfjorden, Gulen og Fedje.
Nettavisa nordhordland.no blir oppdatert kontinuerleg, medan papiravisa kjem ut onsdag og laurdag.

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS