Stillingsannonse:

Draumejobben er ledig (igjen)!

Søknadsfrist: Snarest

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Hordaland Folkeblad

Hordaland Folkeblad er lokalavis for Kvam og Jondal i perla Hardanger, som har om lag like fine fjelltoppar og fjordar som resten av Noreg. Avisa vart etablert i 1873 og har eit opplag på om lag 5.000. Papirutgåva vert gjeven ut tysdag og fredag. Avisa har hovudkontor i Norheimsund. Redaksjonen har 4 årsverk. Søknadsfrist: 16. mai | E-post: linga@hf.no | Nettside: www.hf.no

Hordaland Folkeblad treng ein bladfyk i 100 prosent stilling frå sommaren 2021.

Me tek gjerne imot ein søknad frå deg som

  • skriv konsis og korrekt nynorsk, har syn for detaljane i språket og likar å trøya deg med pennen
  • har røynsle med fotografering, filming og avisarbeid, pluss eit årvake blikk for gode saker
  • forstår at sosiale medium er eit nyttig vonde som du kan utnytta
  • tenkjer digitalt utan å vera klikkprostituert
  • har førarkort for Lexus UX 300e (!)
  • les kommunedelplanar og brev frå statsforvaltarar for å få fart på sexlivet
  • er fleksibel, sjølvstendig, snåp, ryddig og omgjengeleg, og evnar å knyta passeleg tette band til gode kjelder
  • ser avgrunnen mellom marknadsføring og journalistikk, og lever greitt med å få skjenn frå dei som ikkje ser han
  • har som rettesnor at ikkje alt som sel godt, er god journalistikk
  • kan handtera både stort ansvar og stor tillit
  • er villig til å yta meir enn du må og ikkje ser på inneklemte dagar som fridagar
  • ikkje ser på jobben som eit springbrett eller ei retrettstilling
  • lever greitt med ei løn som aldri gjer deg til ein del av snobben
  • finn deg til rette i ein liten, men relativt triveleg kollegafellesskap i små, men relativt trivelege kontorlokale som etter ti år framleis manglar dekor på veggene
  • er frekk nok til å søkja sjølv om du ikkje stettar nokon av krava – og trur at du kan få jobben sidan du har resonnert deg fram til at knapt nokon fantaserer om ein kvardag i ei tasal lokalavis

Send søknad til redaktør Sigbjørn Linga: linga@hf.no. Ring 415 66 112
om du lurar på noko.

Søk på stillingen her

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS