Stillingsannonse:

Er du journalisten som vil vere med å styrke digitalposisjonen vår?

Søknadsfrist: 20. juni

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Er du journalisten som vil vere med å styrke digitalposisjonen vår?
Ein journalist som er i stand til å fortelje historier med nye digitale verkemiddel, som kan filme, redigere og sende direkte frå store og små hendingar i vårt dekningsområde?

Då kan du vere ein god søkar til stillinga som journalist i Norges største nynorskavis. Rett kandidat kan også bli ein av fire frontsjefar i Firda.

Firda skal vere best på nyheiter i vårt område. Difor er vi på jakt etter deg som er engasjert og nysgjerrig, med vilje til å stå på. Du er glad i å snakke med folk, har teft for nyheiter og evnar å sjå gode vinklingar. Vi har sterk vekst på mobil og nett, og vi ser etter ein journalist som kan bidra til å styrke denne satsinga. Det betyr at du har god digital forståing og er oppdatert på nye publiseringsformer.

I Firda får du ein utfordrande og variert kvardag der du får jobbe med alle slags stoffområde. Vi lovar kjekke kollegaer som jobbar godt i lag for å gjere Firda til ei viktig lokalavis i lokalsamfunna vi dekker.

Som journalist i ei lokalavis er du førebudd på varierte arbeidsoppgåver. Du jobbar sjølvstendig med eigne idear, likar høgt arbeidstempo, skriv god nynorsk og har førarkort på bil.

Du jobbar frå Førde og i stillinga inngår helge- og turnusarbeid.

Les meir om kvardagen som digital journalist i Firda her .

For mer informasjon:

Kai Aage Pedersen
Ansvarlig redaktør
kai.aage.pedersen@firda.no +4797055202

Marie Havnen
Utviklingsredaktør
marie.havnen@firda.no +4741630884

SØK STILLINGEN HER

Firma: Firdaposten

Firda held til i Førde og er lokalavis for ti kommunar i Sogn og Fjordane.
Samla når vi 35.000 lesarar gjennom mobil, nett og avis kvar dag. Vi er 29 årsverk fordelt på redaksjon, salsavdeling, kundesenter og administrasjon. Firda vert redigert på nynorsk.
Firda vert gitt ut av Firda Media AS, eit selskap i mediekonsernet Amedia.

Powered by Labrador CMS