Firda søker ansvarleg redaktør

Søknadsfrist: 10. september 2018

Firda søker ansvarleg redaktør med stort engasjement for lokalsamfunnet og evne til å utvikle avisa vidare.

Firda er ei stolt og tradisjonsrik avis med hovudsete i Førde i Sogn og Fjordane. Avisa kom ut første gong i 1918, og fylte 100 år i januar. No søker vi ein ansvarleg redaktør med mot og engasjement for lokalsamfunnet, og som ønsker å utvikle avisa vidare.

Som redaktør står du ansvarleg for å forvalte den publisistiske plattforma til avisa, ved å vere ein garantist for at avisa ivaretek si uavhengigheit, saklegheit, sin relevans og sitt samfunnsansvar.

Som redaktør set du alltid lesaren først, og brukar innsikt og analyse for å sørge for at avisa utviklar seg i takt med lesaren sitt behov.

Vi søker ein redaktør med solid redaksjonell erfaring. Du har god kjennskap til kva digitaliseringa i samfunnet inneber både av moglegheiter og utfordringar i ein redaksjon. Du må ha lyst og evne til å leie Firda som organisasjon gjennom interessante og krevjande prosessar dei kommande åra.

Som leiar er du nysgjerrig, lærings- og utviklingsorientert. Du har mot, engasjement og evne til å inspirere dine medarbeidarar. Du er strategisk sterk og evnar å gjennomføre og sette ut i livet endringar og forbetringar. Du har gode samarbeidsevner, er tydeleg på kva du vil og god til å kommunisere det.

Som ansvarleg redaktør for Firda rapporterer du til styreleiar Morten Nilsen i Amedia.

Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med Heidi Wiggen i Visindi, tlf. 916 56 103 eller Direktør regioner og utvikling i Amedia, Morten Nilsen, tlf. 911 89 719.

Søknad med CV kan sendast snarast, og seinast 10. september 2018, gjennom stillingar på www.visindi.no

Søk på stillingen her: www.visindi.no

Søknadsfrist: 10. september 2018

Firma: Firda

Firda held til i Førde og er lokalavis for 10 kommunar i Sogn og Fjordane. Samla når vi 38.000 lesarar gjennom mobil, nett og avis kvar dag. Vi er 29 årsverk fordelt på redaksjon, salsavdeling, kundesenter og administrasjon. Firda vert utgitt av Firda Media AS, eit selskap i mediekonsernet Amedia, som er den største utgivaren av lokale media i landet med 2,4 millionar daglege lesarar.