Firda søker journalist i 100 prosent fast stilling

Søknadsfrist: 1. desember

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Ledig jobb i Norges største nynorskavis.

Firda leitar etter ein journalist som vil jobbe i høgt tempo, fortelje dei gode historiene og stille dei viktige spørsmåla.

Vi skal vere best på nyheiter i vårt område. Difor er vi på jakt etter deg som er engasjert og nysgjerrig, med vilje til å stå på. Du har nyheitsteft og evnar å sjå gode vinklingar. Firda har sterk vekst på mobil og nett, og vi ser etter ein journalist som kan bidra til å styrke denne satsinga. Du tenker digitalt og er oppteken av at avisa skal utvikle seg.

Som journalist i lokalavis er du førebudd på varierte arbeidsoppgåver. Du er samfunnsinteressert, ivrar etter å fortelje dei gode historiene, likar høgt arbeidstempo, skriv god nynorsk og har førarkort på bil.

Her får du ein utfordrande og variert kvardag, der du får jobbe med alle slags stoffområde. Vi lovar kjekke kollegaar og gode moglegheiter for utvikling.

Du jobbar frå Førde, og i stillinga inngår helge- og turnusarbeid.

Søknad med CV og referansar sender du til marie.havnen@firda.no

Søknadsfrist: 1.desember 2018.

Har du spørsmål om stillinga?

Ta kontakt med Kai Aage Pedersen, påtroppande ansvarleg redaktør: 97055202, eller Marie Havnen, konstituert ansvarleg redaktør: 4163088.

Klubbleiar for Norsk journalistlag i Firda er Idar Stadheim: 90128020.

Firma: Firda Media AS

Firda held til i Førde og er lokalavis for ti kommunar i Sogn og Fjordane. Samla når vi 35.000 lesarar gjennom mobil, nett og avis kvar dag. Vi er 29 årsverk fordelt på redaksjon, salsavdeling, kundesenter og administrasjon.

Firda vert redigert på nynorsk. Firda vert gitt ut av Firda Media AS, eit selskap i mediekonsernet Amedia.

Powered by Labrador CMS