Stillingsannonse:
Firda søker journalist
Søknadsfrist: 21. juli
Denne artikkelen er over to år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Firda skal vere best på nyheiter i vårt område, og har dei siste åra vunne nasjonale prisar for å levere ein nyheitsnettstad med særpreg. No ser vi etter ein journalist som kan bidra til å styrke denne satsinga.
Difor er vi på jakt etter deg som er engasjert og nysgjerrig, med vilje til å stå på. Du er glad i å snakke med folk, har teft for nyheiter og ser dei gode vinklingane.
I Firda får du ein utfordrande kvardag, der du får jobbe med alle slags stoffområde. Vi lovar kjekke kollegaer som jobbar godt i lag for å gjere Firda til verdas viktigaste lokalavis i områda vi dekker.
Du er førebudd på varierte arbeidsoppgåver, likar høgt tempo, jobbar sjølvstendig med eigne idear, skriv god nynorsk og har førarkort. Du jobbar frå Førde og i stillinga inngår helge- og turnusarbeid.
Spørsmål om stillinga?
Kontakt ansvarleg redaktør Kai Aage Pedersen på 97055202,
Søknad og CV skal sendast via søknadsknappen på denne sida.
Søknadsfrist: 12. juli 2021
Idar Stadheim er leiar for redaksjonsklubben.
Les meir om korleis det er å jobbe i Amedia her.