Stillingsannonse:

Generalsekretær i Landslaget for lokalaviser

Søknadsfrist: 1. september

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Landslaget for lokalaviser (LLA) har ledig stilling som generalsekretær.
Dagens generalsekretær skal inn i annan jobb i organisasjonen, og vi søker hans etterfølgjar.

Ein av dei aller viktigaste jobbane i Medie-Norge er ledig.
Som generalsekretær i LLA får du ei særs interessant oppgåve i å vera med å påverka lokalavisene si framtid, og arbeida for at deira rammevilkår skal vera best mogleg .

Vi søkjer ein person som brenn for lokalavisene og for lokaldemokratiet.

Personen må ha eit glødande engasjement, og opptre samlande.

​Mange lokalaviser står midt i ei digital omstilling, og generalsekretæren får ein viktig jobb med å ta organisasjonen inn i ei ny tid

I ei tid med store endringar i bransjen, er det avgjerande at vedkommande kjenner dagens utfordringar i mediekvardagen og har digital kompetanse.
Mange lokalaviser står midt i ei digital omstilling, og generalsekretæren får ein viktig jobb med å ta organisasjonen inn i ei ny tid, både for lokalavisene og internt i organisasjonen.

Vi kan by på varierte arbeidsoppgåver der du verkeleg har sjansen til å gjera ein jobb for alle dei viktige lokalavisene i landet. Arbeid ut over normal arbeidstid må reknast med.

Generalsekretæren har ansvar for den daglege drifta av organisasjonen.

Viktige oppgåver er:

  • Sørgja for god kontakt med myndigheiter i saker som opptar lokalavisene.
  • Ansvar for kursverksemd og landsmøte.
  • Sørge for, og utarbeide søknader til ulike prosjekt.
  • Rådgjevar for medlemsavisene.
  • Vera synleg i den norske mediedebatten og fremje lokalavisene sitt syn.
  • Bistå lokalavisene i å modernisere seg.

Kvalifikasjonar:

  • Gjerne erfaring frå arbeid i lokalvis.
  • Leiarerfaring.
  • Kunnskap om medium og politisk påverkingsarbeid.
  • Kjennskap til digitale medium.

Personlege eigenskapar:

  • God til å knyta kontaktar, byggja nettverk og ha evne til å inspirera og engasjera medarbeidarar.
  • Vera samlande i ein organisasjon med ulike meiningar.

Søkjarlista vert gjort offentleg.

I tilsettingsprosessen vil det bli nytta ekstern kompetanse.

Løn og tiltreding etter avtale. Søknadsfrist 1. september 2019

Søknad vert å senda til konstituert styreleiar Øystein Øygarden.
E-post: oystein.oygarden@vtb.no

Har du spørsmål om stillinga, kontakt:
Rune Hetland, generalsekretær, tlf: 452 89 444

Firma: Landslaget for lokalaviser

Interesseorganisasjon for norske lokalaviser. Organisasjonen har 112 medlemsaviser og tre tilsette i administrasjonen. Føremålet til LLA er å arbeide for lokalavisene sitt beste, og vere støttespelar på alle område.
LLA har hatt ei sentral rolle i norsk pressepolitikk gjennom mange år.

Powered by Labrador CMS