Stillingsannonse:

Har du eit brennande engasjement for kommunikasjon, og kunne tenkt deg å bu i Sogndal?

Søknadsfrist: 23. april

Denne artikkelen er over to år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Gasta Design & Kommunikasjon

Gasta har spesialisert seg på nettsider basert på Squarespace som publiseringsverktøy. Vi har utvikla meir enn 500 sider på denne plattforma og er blant dei fremste i Europa innafor Squarespace-systemet. I tillegg til nettsider har vi lang erfaring med prosjekt innan merkevare og visuell identitet, og jobbar mykje med digital marknadsføring for våre kundar.

Gasta har eksistert sidan 1998, og hadde i 2020 ei omsetning på 7,4 mill. kroner og er gjeldfritt.

Dette er ei stilling for deg som har litt erfaring, gjerne som rådgivar og/eller innhaldsprodusent. Vi er på jakt etter deg som kan fortelje dei gode historiane og presentere dei på ein delikat måte som skapar engasjement. Du vil jobbe sjølvstendig mot kundar i heile landet, avdekke kundebehov og forme kommunikasjonsstrategiar for å skape suksess og vekst. Du bør også ha grunnleggjande forståing for søkemotoroptimalisering.

Vi ser etter deg som:

  • har lidenskap for kommunikasjon
  • er ein allsidig skribent som likar å jobbe med ulike tema og kundar
  • er kreativ, analytisk og engasjert
  • har stor interesse for digital marknadsføring og teknologi
  • er komfortabel med å skrive nynorsk
  • gjerne har journalist- eller tekstforfattarbakgrunn
  • har erfaring med å utvikle kommunikasjonsstrategiar
  • er sjølvstendig og har eit kommersielt fokus

Vi tilbyr:

  • 100% fast stilling, kontorplass Campus Sogndal
  • Stor kundemasse med varierande behov
  • Prosjekt der ein jobbar i team
  • Ein kvardag med mykje ansvar og spennande utfordringar
  • Engasjerte kollegaer og eit godt arbeidsmiljø, både internt og på Campus
  • Kø- og bompengefri kvardag med kort avstand til det meste
  • Konkurransedyktig lønn etter avtale
  • Treningskort på Idrettsenteret, som held til i etasjen under oss

Les meir om stillinga på våre nettsider gasta.no.

Send søknad med CV til astri@gasta.no innan 23. april 2021.

Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med ass. byråleiar Astri Knudsen
på 984 08 619.

Søk på stillingen her

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS