Stillingsannonse:

Høgskulen i Volda søker førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor ved Institutt for film og animasjon

Søknadsfrist: 12. september

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

Vi har ledig 100% fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor ved Institutt for film og animasjon

Du må ha:

  • profesjonell erfaring innan videoproduksjon
  • praktisk og teoretisk kompetanse i visuell historiefortelling og bruk av dramaturgiske virkemidlar
  • høgare utdanning innan fagområdet, med ein master eller tilsvarande
  • solid forståing for og kompetanse på bruk av sosiale og digitale medier
  • god evne til å formulere deg skriftleg og munnleg

Det er en fordel om du:

  • har relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing
  • kan undervise og rettleie i heile produksjonsprosessen, frå idéutvikling og planlegging til opptak og postproduksjon
  • har erfaring innan både einkamera og fleirkamereproduksjon
  • har interesse for medieutviklinga, bruk av ny teknologi og utvikling av forteljarformer på ulike plattformar
  • har interesse for innovasjon og entreprenørskap

Søkar må ha gode kunnskapar i norsk/skandinavisk språk og engelsk, både skriftleg og munnleg, og kunne undervise på både norsk/skandinavisk og engelsk. Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.

Personlege eigenskapar vert vektlagt. Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og evne til å ta initiativ, vere ryddig og arbeide både sjølvstendig og i team vil vere viktig.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og prøveundervisning.

Søkar må ha masterutdanning eller godkjent kompetanse på same nivå. Ein ellers kvalifisert søkjar som er i eit masterløp kan få tilbod om stillinga under føresetnad at master vert fullført innan to år. Søkjar må dokumentere eiga kompetanse, utdanning, arbeidserfaring, evt. FoU-arbeid og kunstnarleg produksjon.

Søkarar utan praktisk-pedagogisk kompetanse kan få tilbod om stillinga under føresetnad å tileigne seg slik kompetanse innan to år.

Arbeidsstaden er på campus ved Høgskulen i Volda.

Tiltredelse 2.1.2023. Dato for oppstart kan justerast etter avtale.

Kontaktpersoner:

Dekan, Kate Kartveit, 70 07 53 04

Instituttleiar, Ivar John Erdal, 909 19 596.

Søknadsfrist: 12. september 2022

Søk på stillingen her

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS