Journalist – vikariat

Søknadsfrist: 15. juli 2018

Det er ledig 100 prosent journalist-stilling i seks månader. Oppstart etter avtale.

Me ser etter ein allsidig, engasjert person med nyheitsteft. Medieutdanning og/eller -praksis er ein fordel. Stillinga inngår i vaktturnus med kvelds- og helgevakter.

Du må ha sertifikat. Har du spørsmål til stillinga, kontakt redaktør Embrik Luksengard tlf. 915 51 435 eller klubbleiar Magnus Lindahl 906 51 269.

Send søknad til: Hallingdølen, Sundrevegen 79, 3571 Ål

Eller på epost: [email protected]

Søknadsfrist: 15. juli 2018

Firma: Hallingdølen

Hallingdølen er lokalavis for Hallingdal og Nore Uvdal. Avisa har eit opplag på 8686 og kjem ut tre gonger i veka. Hovudkontoret ligg i Ål. Det er 35 tilsette i mediebedrifta, av desse 14 i redaksjonen.