Journalist med digital teft

Søknadsfrist: 15. juli 2018

Sunnmøringen søkjer etter journalist med kritisk blikk, ein god penn og talent for å finne dei gode sakene. Dersom du har nase for nettjournalistikk og å finne dei gode sakene, vil vi gjerne høyre frå deg.

Som journalist i Sunnmøringen vil du kome tett på eit særs aktivt lokalmiljø, der det skjer mykje både i lag- og organisasjonsliv, i næringslivet og politisk i dei fire bygdelaga i kommunen.

Lokalkunne er ein fordel, det same er interesse for sport.

Redaksjonen har tilhald i Stranda tettstad, og du vil som journalist gå inn i turnus for helgearbeid. Du må kunne disponere eigen bil.

Stillinga gjeld frå 1. august 2018, med seks månader prøvetid.

Søknadsfrist: 15. juli 2018

Søknad med CV kan sendast til:

Redaktør Renate Furre Henriksen-Sandvær,

[email protected]. Tel. 95145284

Firma: Sunnmøringen

Sunnmøringen er lokalavisa for bygdene i Stranda kommune med utgjevarstad på Stranda. Avisa kjem ut kvar torsdag og har eit opplag på vel 1600. Verksemda har tre redaksjonelle medarbeidarar, og er ein del av Polarisfamilien.