Journalist med digital teft

Søknadsfrist: 15. oktober 2018

Sunnmøringen søkjer journalist til fast stilling i Stranda.

Sunnmøringen er ei lokalavis som primært dekkjer Stranda kommune, med bygdelaga Geiranger, Sunnylven, Stranda tettstad og Liabygda. Kommunen har eit sterkt næringsliv og variert lag- og organisasjonsliv. Stranda er verdskjent for sin flotte natur med fjell og fjord – og for Grandiosa. Sunnmøringen er ei stolt nynorskavis.

Vi kan love deg spanande og utfordrande oppgåver, saman med trivelege og dedikerte kollegaer. Du vil få prøve deg på det aller meste – frå glade skulebarn til kommunal- og næringslivsjournalistikk.

Sunnmøringen satsar digitalt, så digital formidlingsevne er viktig for oss. Som journalist må du vere god til å finne dei rette sakene på nett, med vinkling og språk som fengjar lesarane. Kunne om sosiale media og evne til å nytte desse i journalistikken er ønskeleg.

Vi søkjer deg som er samfunnsengasjert, kreativ, effektiv, sjølvstendig og med gode samarbeidsevner. Redaksjonell røynsle er ein fordel, men ikkje eit krav.

Journalisten vil gå inn i turnus som omfattar kvelds- og helgarbeid. Journalisten må ha førarkort og disponere eigen bil.

Sunnmøringen har kontor i Stranda sentrum, med ei fantastisk utsikt over Storfjorden og fjella rundt. Å eige eit par gode fjellsko er ingen ulempe som journalist i Sunnmøringen!

Spørsmål kan rettast til:

Redaktør/dagleg leiar Renate Furre Henriksen-Sandvær, telefon 95 14 52 84

Styrleiar Lidvar Flydal, telefon 92 68 55 26

Søknad og CV med referansar kan du sende til [email protected] innan 15. oktober.

Søknadsfrist: 15. oktober 2018

Firma: Sunnmøringen

Sunnmøringen er lokalavisa for bygdene i Stranda kommune med utgjevarstad på Stranda. Avisa kjem ut kvar torsdag og har eit opplag på vel 1600. Verksemda har tre redaksjonelle medarbeidarar, og er ein del av Polarisfamilien.