Journalistopplæring på nynorsk – med løn - Fem praksisplassar

Søknadsfrist: 15. oktober 2018

Nynorsk avissenter i Førde søkjer etter engasjerte ungdommar som brukar nynorsk og vil bli journalistar. Opplæring startar 3. januar og varer til 30. juni 2019. Løn i heile opplæringstida.

Vi tilbyr

  • Den mest effektive opplæringa i avisjournalistikk
  • Fire månader praksis i Firda og to månader i sjølvvald redaksjon
  • Produksjon av nyhende, reportasjar og bloggar
  • Video, foto, sosiale medium, frontredigering, datastøtta journalistikk
  • Førelesingar i språk, presseetikk og journalistisk metode
  • Tett oppfølging frå erfarne journalistar
  • Attest frå Nynorsk avissenter og praksisavis
  • Hjelp til å skaffe bustad i Førde

Du har

  • Lyst til å skrive nynorsk og vil bli journalist
  • Samfunnsinteresse og engasjement
  • Stå-på-vilje, likar utfordringar og høgt tempo
  • Evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre
  • Førarkort
  • Vi tek inn søkjarar med ulik bakgrunn og utdanning
  • Vi ønskjer søkjarar frå heile landet, også med fleirkulturell bakgrunn

Vi samarbeider med NRK Nynorsk mediesenter i Førde. Dei driv tilsvarande opplæring retta mot NRK sine redaksjonar. Dei lyser ut sine fem plassar med same søknadsfrist.

Klikk her for meir informasjon og for å søkje:

www.nynorskavissenter.no

Kontakt:

Dagleg leiar Kjell Ove Nordeide, tlf 911 49 803

[email protected]

Søknadsfrist: 15. oktober 2018

Firma: Stiftinga Nynorsk avissenter

Stiftinga Nynorsk avissenter lærer opp fem journalistpraktikantar i halvåret. Vi held til i Førde i Sogn og Fjordane, med Firda Media som vertsavis. Føremålet er å rekruttere nynorskbrukande journalistar med høg digital kompetanse. Vi samarbeider med NRK og brukar nokre av dei dyktigaste førelesarane på ulike område. Vel 50 prosent av tidlegare praktikantar er i dag journalistar på heil- eller deltid. Vi tilbyr eksterne praksisplassar i aviser som Klassekampen, Bergens Tidende, Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke, Jærbladet, Dag og Tid, Hordaland, Kvinnheringen og Hallingdølen. Opplæringa er finansiert av Kulturdepartementet og Firda Media.