Stillingsannonse:

Lokalavisa Ryfylke i Sauda søker journalist

Søknadsfrist: 17. november

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Då ein av våre journalistar har søkt seg til nye utfordringar det neste året, er me på leit etter nokon som kan ta over vedkommande sin plass på laget.

Me ønsker oss ein samfunnsengasjert og kreativ journalist med gode nynorskkunnskapar.
Stillinga inneber allroundjournalistikk og fotografering for publisering i papiravis og digitalt og inngår i ei firedelt helgevaktordning.
Vikariatet er ledig frå 1. januar og ut året og kan bli gjort om til fast stilling.

Søkar må ha førarkort for bil.

CV og skriftleg søknad med referansar og kopiar av vitnemål, arbeidsprøvar og attestar kan sendast til:
LL Ryfylke ved dagleg leiar/redaktør Knut Atle M. Seim, knutatle@ryfylke.net,
tlf 908 73 918

Spørsmål om stillinga kan òg rettast til:
klubbleiar Frank Waal, frankw@ryfylke.net, tlf 936 83 050

SØK STILLINGEN HER:

Firma: Avisa Ryfylke

Avisa Ryfylke er ei lokalavis som hovudsakleg har Sauda kommune som dekkingsområde.
Avisa kjem ut to dagar i veka på papir i tillegg til å ha nettavisa ryfylke.net som blir oppdatert fortløpande.
Opplaget er på om lag 2 300 eksemplar. Avisa har sju tilsette, er frittståande og upolitisk,
eigd av privatpersonar i og med tilknyting til Sauda.

Powered by Labrador CMS