Stillingsannonse:
Mediehuset Nyss søker ansvarleg redaktør
Søknadsfrist: 4. juni
Denne artikkelen er over to år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Mediehuset Nyss AS søker redaktør og dagleg leiar.
Nyss sin redaktør må ha hjarte for den gode og nære lokaljournalistikken, om saker som vedgår dei som bor i dekningsområdet, med eit tydleg medvit om mediehuset si samfunnsrolle. Sjølv skal redaktøren vere ein aktiv skrivande ressurs, men skal også bruke av si tid til å utvikle både medarbeidarar og mediehuset sitt lesartilbod. Mediehuset Nyss er i ein tidleg fase av ein digital transformasjon, og den nye redaktøren får ansvaret for å vidareføre denne. Engasjement og interesse for digital innhaldsformidling vil bli vektlagd. Kjennskap til dekningsområdet vil også vere ein stor fordel.
Redaktøren er også dagleg leiar for mediehuset med personalansvar for heile staben, og rapporterer til styret.
Mediehuset Nyss AS er heileigd av Sunnmørsposten AS, og er ein del av Polaris Media ASA. Avis og nettstad vert redigert på nynorsk.
Søknadsfrist er 4. juni, og søknad kan sendast til lidvar.flydal@smp.no
Spørsmål om denne stillinga kan rettast til styreleiar Lidvar Flydal, tlf 926 855 26 eller e-post lidvar.flydal@smp.no
Klubbleiar i redaksjonen er Even Ørjasæter: tlf. 985 44 645 eller e-post even@nyss.no
Stranda og Sykkylven byr på storslått natur med nokre av landets finaste naturperler, delar av området er på UNESCOs verdsarvliste. Tilbod innan kultur- og friluftsliv er omfattande, med fjell og fjord, og med to skisentra i nærområdet. Det er kort avstand til Ålesund og til kjøpesentra.