Stillingsannonse:

Mediehuset Sunnhordland søkjer journalist til fast stilling

Søknadsfrist: 11. januar

Denne artikkelen er over to år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Sunnhordland

Mediehuset Sunnhordland sin posisjon og samfunnsrolle i Sunnhordland er unik. Me har hatt ei positiv utvikling dei siste åra, med solid auke av lesarar og abonnentar. Sunnhordland kom første gong ut i 1902 og kjem i dag ut som papiravis tre gonger i veka og med kontinuerlege oppdateringar på sunnhordland.no. Godkjent opplag (2020) er 6.467.

20.600 les oss dagleg på papir og digitalt. Mediehuset Sunnhordland har 30 årsverk, held til på Stord der det er gode kommunikasjonar med eigen flyplass, fast vegsamband og eit allsidig næringsliv.

Nynorskbyen Stord har gode tilhøve for kultur, idrett og friluftsliv, og det er lett å trivast blant gode kollegaer. Sunnhordland er ein del av Polaris-konsernet.

Sunnhordland har ambisjonar om å fortsetja å veksa og styrka posisjonen vår dei neste åra. Me søkjer derfor etter ein journalist.

I Sunnhordland blir du ein del av ein ung og kreativ redaksjon som har hausta ei rekkje prisar for både journalistikk og layout. Som journalist blir du avgjerande for at me vinn nyheitskampen i regionen kvar dag. Du vil produsera nyheiter og arbeida med både tekst, bilde, lyd og video. Stillingane inngår i turnus i redaksjonen. Stillinga rapporterer til ansvarleg redaktør i Sunnhordland.

Sunnhordland har eit sterkt digitalt fokus, og vi ser etter deg som er nysgjerrig på digitale verktøy og ivrig i jakta etter gode historier og nyheiter.

ANSVAR OG OPPGÅVER:

  • Produsera redaksjonelt innhald
  • Jakta på dei store avsløringane, men også på dei små kjappe nyheitene
  • Byggja og ta hand om kjeldenettverk og relasjonar

ØNSKTE KVALIFIKASJONAR:

  • Journalistisk utdanning og erfaring vert vektlagt
  • Instinkt for gode nyheiter og evna til å sjå dei gode historiane rundt deg
  • Klar forståing for medieutvikling og digitalisering
  • Vere aktiv og tilgjengeleg i sosiale medium
  • God presseetisk vurderingsevne
  • Førarkort for bil
  • Gode språkferdigheiter i nynorsk, skriftleg og munnleg

PERSONLEGE EIGENSKAPAR:

  • Resultatorientert
  • Pågangsmot
  • God kommunikator
  • Lærevillig
  • Lagspelar

Om du har noko av det vi er på jakt etter, og har ambisjonar og ønskje om å utvikla deg vidare, oppmodar vi deg til å visa interesse for stillingane.

VI KAN TILBY:

  • Interessante arbeidsoppgåver saman med dyktige folk
  • Eit spennande fagleg miljø med sterk digital satsing
  • Tilgang til digitale løysingar, analyseverktøy, kompetanse og ressursar som vil leggja til rette for vekst og utvikling
  • Nyoppussa lokale i Leirvik sentrum på Stord, med utsikt over hamn, fjord og fjell.
  • Storslått natur! Du vil bu og arbeida i vakre omgjevnadar i Sunnhordland. Les meir om den fantastiske regionen vår.

For meir informasjon, ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved rådgjevar Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200, eller researcher Aase Marie Stølås Jørgensen, tlf. 454 72 665.

Vis interessa di for stillinga ved å registrere CV-en din og søknad snarast. Attestar og vitnemål skal leggjast ved søknaden. Alle henvendingar vert handsamasa konfidensielt – også overfor oppdragsgivar i innleiande fase dersom det er ønskeleg.

Søknadsfrist: 11. januar 2021 – søknadar vert vurderte fortlaupande.

Søk stillingen her

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS