Stillingsannonse:

Medieingeniør til medieutdanninga i Volda

Søknadsfrist: 1. september

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

Om stillinga

Avdeling for Mediefag ved Høgskulen i Volda har flytta inn i nytt mediebygg og treng fleire tilsette.

Vi utvidar no den tekniske staben og har omgåande ledig ei heil fast stilling som medieingeniør. Stillinga vil ligge under fellesadministrasjonen ved avdelinga.

Det medietekniske fagområdet er inne i ei rivande utvikling med nye løysingar for innhaldsproduksjon og publisering, og broadcast og IT smeltar meir og meir saman. Vi ønsker oss difor ein person som er opptatt av innovasjon og utvikling, men som også kan bidra godt inn mot dagens løysingar. Stillinga vil saman med den øvrige tekniske staben ha ansvar for utstyr og tekniske løysingar, rettleiing og support.

Kvalifikasjonar

Søkjaren må ha relevant medieteknisk utdanning på bachelornivå og erfaring med bruk av både PC og Mac, og Adobe sine verktøy.

Omfattande og relevant praksis og/eller anna medieteknisk utdanning kan kompensere for kravet om utdanning på bachelornivå.

Det er ein fordel om du har innsikt og/eller erfaring i bruk av ulike IT-system tilknytta medieteknisk arbeid. Sameleis med erfaring frå arbeid med medierelevant utdanning, og/eller god erfaring med arbeidsflyt for moderne innhaldsproduksjon tilknytta kringkastings- eller medieinstitusjonar.

Ulik programvare og ulike system blir brukt på dei forskjellige studieprogramma. Det vil bli gitt opplæring i spesialprogramvare, og den som blir tilsett må vere motivert for å sette seg inn i desse etter behov.

Personlege eigenskapar bli vektlagt i vurderinga av søkjarane. I denne stillinga er det viktig å kunne arbeide strukturert, sjølvstendig, ha god serviceinnstilling og kunne ha god kommunikasjon med studentar og tilsette.

Søkjaren må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.

Arbeidsfelt

Den tilsette vil saman med dei andre i den tekniske staben ha dette som viktige arbeidsoppgåver:

- utvikling og drift av system for arbeidsflyt og innhaldsproduksjon på ulike plattformer

- drift, innkjøp og vedlikehald av utstyr, studio og programvare

- rettleiing og support på bruk av programvare, studio og teknisk utstyr

- rettleiing og support under praksisperioder og på studentproduksjonar

- utvikling og drift av system for nettbasert mediearkiv

- koordinere bruk av teknisk utstyr

Arbeidsoppgåvene kan bli endre i tråd med behova i på avdelinga.

Vi tilbyr

Avdeling for Mediefag har eit spennande arbeidsmiljø med gode høve til fagleg og personleg utvikling.

Vi har gode pensjonsordningar. Løn etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ i denne stillingskoden ved Høgskulen i Volda:

Stillingskode 1087 overingeniør som normalt er plassert lønstrinn 54 – 68 ( kr.507 600 – kr. 633 000).

Generell informasjon

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på vårt arbeid. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

Om søknaden

Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå

informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.

Søknadsfrist 1. september. Oppstart etter avtale.

Kontakt

Spørsmål om stillinga:
Dekan Kate Kartveit, tlf. 920 44 167,
e-post: kate.kartveit@hivolda.no eller

rådgivar Reidulf Botn tlf. 911 41 760,
e-post: reidulf.ottar.botn@hivolda.no

Søknadsfrist: 1. september 2022

Studiebygda Volda

Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.

Les meir på www.hivolda.no

Søk på stillingen her

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS