Stillingsannonse:
Nærings- og fiskeridepartementet søker kommunikasjonsrådgjevar - NFD 29/20
Søknadsfrist: 01. november
Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Som kommunikasjonsrådgjevar i Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) har du ein av landets gildaste og mest varierte kommunikasjonsjobbar.
Ei viktig oppgåve er å informere, forklare og bidra til debatt om nokre av dei mest sentrale politikkområda i Noreg. Kommunikasjonsseksjonen i NFD har åtte medarbeidarar og er ein sprudlande stabsfunksjon som ligg under departementsråden.
Kommunikasjonsseksjonen har eit ledig vikariat på 1 år. Tilsetjing snarast råd.
Arbeidsoppgåver
- Vere pressekontakt og medierådgjevar.
- Lage kommunikasjonsstrategiar for arrangement og satsingsområde.
- Gjere politikk og kompliserte saker forståelige for folk flest.
- Delta i ei ordning med presseberedskapsvakter utanfor arbeidstid (kompensert).
Du må og rekne med ein del reising og å delta i anna arbeid i seksjonen ved behov.
Kvalifikasjonar
- Må ha relevant høgare utdanning, helst medie- og/eller kommunikasjonsfagleg. Særleg relevant arbeidserfaring kan vege opp for kravet til utdanning.
- Må skrive og snakke svært klarspråkleg norsk.
- Må kunne ta video og foto til sosiale media.
- Må forstå samspelet mellom politikk, embetsverk og media og ha god forståing av roller.
- Må vere sikkerheitsklarert for «hemmeleg» eller kunne klarerast.
- Bør ha erfaring som nyhendejournalist og/eller kommunikasjonsrådgjevar og pressekontakt.
- Kjennskap til norsk næringsliv er ein fordel.
Personlege eigenskapar
- Fleksibel og arbeidsviljug, må like å ta i eit tak.
- God vurderingsevne og evne til å jobbe raskt.
- Omgjengeleg, gode samarbeidsevner og mykje humor.
Personleg eignaheit vil bli lagt vekt på
Vi tilbyr
- 1 års vikariat som rådgjevar
- Lønnsspenn: 482 200 - 566 700 (ltr. 54-63)
- Ein hektisk og spennande kvardag.
- Godt høve til kreativt og sjølvstendig arbeid Gode moglegheiter til kreativt og sjølvstendig arbeidFleksibel arbeidstid og betalt overtid
- Eit svært godt arbeidsmiljø, vi har det gøy (og litt bråkete) på jobb.
- Kreativt kontorlandskap med hengekøye og maskin som lager puffa mais (popkorn).
- Kontorstad: Kongens gate 8, i Oslo sentrum.
Søknad kan sendast elektronisk via lenka "Søk stillinga" på denne sida. Fullstendige opplysningar om relevant utdanning og arbeidserfaring må fyllast inn i det elektroniske skjemaet, og vitnemål og attestar må leggjast ved.
NFD er oppteken av mangfald og ynskjer å vere ein arbeidsplass som reflekterer befolkninga. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje,
uavhengig av til dømes alder, kjønn, funksjonshemming, hol i CV,
nasjonal eller etnisk bakgrunn.
For søkarar som oppgjev at dei har nedsatt funksjonsevne eller hol i CV-en,
gjer vi merksam på at denne opplysninga kan bli brukt til statistikkføremål.
For meir informasjon om stillinga, kontakt
- Kommunikasjonssjef Martine Røiseland, e-post mrd@nfd.dep.no eller
telefon 970 55 024.
Søknadsfrist. 1. november