Stillingsannonse:

NRK Møre og Romsdal søker etter sommarvikarar

Søknadsfrist: 05. februar

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

NRK Møre og Romsdal søkjer etter sommarvikarar. Vi tilbyr jobb i eit spennande nyheitsmiljø som leverer innhald til nett, radio og TV.

Vi søkjer etter journalistar med erfaring frå redaksjonelt arbeid innan nett,
radio eller TV.

Arbeidsoppgåver

  • Vere med å jakte etter gode saker frå Møre og Romsdal og fortelje dei på en spennande måte.
  • Bruke kjeldenettet og kunnskapen du har om regionen til å finne gode nyheitssaker og utvikle desse for eit nasjonalt publikum
  • rask formidling/direkterapportering av endingear til alle plattformer,
    spesielt nett og radio
  • Vikariatet inneber arbeid i turnus med kvelds- og helgevakter.

Kvalifikasjonar

  • Sikkert språk
  • Kompetanse i digital journalistikk blir vektlagd
  • Kjennskap til kva som skal til for at ein reportasje blir lest/høyrt og delt
  • God kjennskap til bruk av sosiale medier
  • Søkjarar må ha sertifikat

NRK er omfatta av Offentleglova sine reglar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjarar som ikkje ynskjer namet sitt offentleggjort må grunngje kvifor.
Dersom unntaket ikkje vert godteke, vert søkjar varsla og får høve til å trekke søknaden.

Spørsmål om stillingen kontakt:
Redaksjonssjef Kjell E Myklebust 970 90 780
Redaksjonssjef Janne Brit Aasen 99641676

SØK STILLINGEN HER:

Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

Firma: NRK

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar,
treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Powered by Labrador CMS