Stillingsannonse:

NRK-sporten søker etter sommervikarar

Søknadsfrist: 21. januar

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

NRK-sporten treng også i år dyktige og engasjerte sommarvikarar i perioden frå starten av juni og ut august.

Nøyaktig start- og sluttdato blir avklart med den enkelte.

Arbeidet blir knytt til den fleirmediale nyheitsdesken på Marienlyst,
med produksjon for nett, TV og radio.

Det blir ein aktiv sommar, der det toppar seg med EM i fotball i juni/juli og OL i Tokyo i juli/august.

NRK-sporten er størst på direktesendt sport i Norge, med formidling av rundt 1300 timar direktesendt sport på TV og radio. I tillegg kjem daglege
nyheits-sendingar og ikkje minst stadig sterkare satsing på nett,
medrekna sosiale medier.

Totalt arbeider det rundt 90 personar i NRK-sporten, fordelt på ei rekkje
fag-grupper.

Arbeidsoppgåver

  • Lage og publisere engasjerande, vesentleg, viktig og underhaldande innhald for nett, TV og radio.

Kvalifikasjonar

  • Journalistisk erfaring med produksjon for nett, radio og TV.
  • Brei kunnskap om sport.
  • Eit godt kjelde- og kontaktnett.
  • Stødig, korrekt og godt språk.
  • Har du i tillegg fleirkulturell kompetanse, eller nyttar nynorsk, er du ein interessant søkjar fordi NRK ønsker å styrke seg på desse områda.
  • Utdanning innan journalistikk/kommunikasjon frå høgskule/universitet.

Personlege eigenskapar
-Journalistisk engasjement, energi og idérikdom.-Nyheitsteft, lidenskap og interesse for sport.
-Sans for høgt tempo og tidspress.
-Evne til å fortelje gode, journalistiske historier og positiv innstilling til å «pendle» mellom plattformene.
-Eit aktivt og bevisst forhold til sosiale medier og ny teknologi.

Vi tilbyr

  • Spennande og aktive månader i Norges største sportsredaksjon.
  • Eit pulserande og godt arbeidsmiljø med mykje kunnskap.
  • Høgt tempo og godt humør.
  • Opplæring i bruk av dataverktøy.
  • Løn blir fastsett etter gjeldande tariffavtalar.

NRK er omfatta av offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

Spørsmål om stillingen kontakt:
Geirmund Henjum på tlf: 974 03 861

SØK STILLINGEN HER:

Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

Firma: NRK

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar,
treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Powered by Labrador CMS