Stillingsannonse:

Nyheitsjournalist, NRK Vestland i Hardanger

Søknadsfrist: 26. april

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

NRK

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

Den dyktige lokalkontormedarbeidaren vår i Hardanger skal ut i svangerskapspermisjon. Me treng derfor ein vikar på lokalkontoret fram til mars 2022.

Me ser etter ein journalist som greier å løfta saker frå denne delen av Vestland til eit regionalt og nasjonalt publikum.

Du må vera ein allsidig journalist som er i stand til å levera godt innhald til alle plattformene til NRK.

Som vår medarbeider i denne regionen, må du være førebudd på å rykka raskt i allslags vêr og rapportere direkte frå felt.

Målet vårt er å sjå Hardanger og resten av Vestland frå innsida.

Arbeidsoppgaver

  • Løfte saker frå Hardanger til resten av Vestlandet og eit nasjonalt publikum.
  • Jobba sjølvstendig med saker frå idé til ferdig reportasje.
  • Rapportere direkte ved hendingar i denne delen av Vestland.
  • Jobba for at NRK Vestland skal setja dagsorden.
  • Laga journalistikk til dei ulike plattformene til NRK; radio, TV, nett og sosiale medium.
  • Jobba i turnus. Reising er ein del av jobben.

Kvalifikasjoner

  • God journalistisk teft og evne til å jobba fram eigensaker.
  • Erfaring frå journalistisk arbeid i ein nyheitsredaksjon.
  • Godt og trygt språk, både munnleg og skriftleg.
  • Den som jobbar for NRK Vestland i Hardanger må kunna skriva godt nynorsk.
  • Har god teknisk og digital forståing.

Personlige egenskaper

  • Nysgjerrig, ambisiøs og idérik.
  • Hardtarbeidande og trivst med høgt tempo.
  • Brenn for å fortelja viktige historier.
  • Gode samarbeidsevner, vilje til å dela kunnskap, og vera med på å løfta heile laget.

Vi tilbyr

  • Vikariat i NRK i ein spanande og viktig del av Vestland.
  • Ein arbeidskvardag med ambisiøse, dedikerte og hyggelege kollegaer.
  • I NRK Vestland vil det vera gode vilkår for utvikling og kompetanseheving.

Kontaktinformasjon

Sølve Rydland, Redaksjonssjef, 952 40 957

Arbeidssted

5750

Søk på stillingen her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver:NRK

Referansenr.:4373269264

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 26.04.2021

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS