Stillingsannonse:

Nynorsk pressekontor søker journalister

Søknadsfrist: 26. februar

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Nynorsk pressekontor (NPK) søkjer journalistar

(til vikariat og engasjement, tilkallingsvikarar og sommarvikarar)

Engasjement ut året:
Nynorsk pressekontor satsar på utvikling og språkteknologi.
Ein av våre faste journalistar vil i 2019 jobbe mykje med denne satsinga, og vi har difor ledig eit engasjement ut året. Oppstart så snart som mogleg.


Vikariat:

Ein av våre journalistar skal ha permisjon frå 1. oktober 2019.
Vi søkjer ein journalist til eit toårig vikariat. Oppstart kan bli før 1. oktober, og kan om ønskjeleg kombinerast med sommarvikariat med oppstart frå midten av juni.

I begge stillingane må journalistane meistre nynorsk som skriftspråk, vere sjølvgåande og kunne fotografere. Ein del av arbeidet er turnusvakter på dag- og kveldstid. Arbeidsområdet er i hovudsak innanriks nyheiter.

Vi ser etter deg som er utdanna journalist og har journalistisk erfaring, gjerne som nyheitsjournalist. Om du er fleksibel, positiv og iderik er dette eigenskapar vi set høgt i NPK, som er ein liten redaksjon i utvikling.

Sommarvikarar og tilkallingsvikariat:
NPK søkjer sjølvstendige og allsidige journalistar for sommarvikariat og tilkalling. Du må ha auge for å drive fram store og små saker, kunne skrive godt på nynorsk, fotografere, arbeide raskt og ha interesse for saker som vedgår lesarar i heile landet. Jobben vil innebere både desk- og reportarvakter, og vikarane må bu seg på å jobbe i turnus med seinvakter.

Søknadsfrist på stillingane: 26. februar

Spørsmål om stillingane?
Redaktør Karoline Riise Kristiansen (90675066)
Klubbleiar i NTB er Grethe Brandsø, (91150971)

Send søknad og CV til karoline@npk.no

Firma: Nynorsk pressekontor(NPK)

Nynorsk pressekontor (NPK) er ei sjølvstendig stifting som har som si fremste oppgåve å styrkje nynorsken i media.
Frå 2007 har NPK samarbeidd med NTB for å styrkje posisjonen sin som leverandør av nyheiter og redaksjonelle tenester. Dei som arbeider i NPK, er tilsette i NTB. NPK har felles lokale med NTB i Hamnelageret i Oslo.

Powered by Labrador CMS