Stillingsannonse:

Olje- og energidepartementet søker kommunikasjonsrådgjevar/-seniorrådgjevar

Søknadsfrist: 05. april

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Vil du jobbe med norsk energipolitikk?

Vi har ledig ei fast stilling som kommunikasjonsrådgjevar/senior kommunikasjonsrådgjevar. Kommunikasjonseininga legg til rette mediekontakten for politisk leiing og koordinerer kommunikasjonsverksemda i departementet.

Viss du skriver godt, har interesse for politikk og samfunn og er oppdatert på digitale plattformer, kan det vere akkurat deg vi søkjer. Vi tilbyr spanande arbeidsoppgåver i skjeringspunktet mellom kommunikasjon, fag og politikk.

Arbeidsoppgåver:

  • Kontakt med media
  • Lage tekster, video mm til nett og i sosiale medier
  • Skrive innlegg og talar for statsråden
  • Førebu reiser og arrangement
  • Ha tett kontakt med fagavdelingane og politisk leiing
  • Produksjon av medieklippmappe og medieanalysar

Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgre utdanning på masternivå eller tilsvarande.
  • Relevant yrkeserfaring kan veie opp for høgre akademisk utdanning.

Vi treng ein som har:

  • Erfaring frå, og god kjennskap til media, politikk, forvaltning og kommunikasjon.
  • Svært god skriftleg og munnleg formuleringsevne både på norsk og engelsk.
  • Stor nøyaktigheit, også under press.
  • Kunnskap om departementet sine arbeidsområder.

Personlege eigenskapar:

Du må vere omgjengeleg, samarbeidsorientert og vand til å arbeide under korte tidsfristar.

Vi tilbyr

  • Lønsspenn: 450.000 - 670.000
  • Varierte arbeidsoppgåver knytt til aktuelle energispørsmål
  • Spennande oppåver i krysninga mellom fag og politikk
  • Eit godt arbeidsmiljø

Kontaktinformasjon

Ta kontakt med kommunikasjonssjef Ole Berthelsen, mobil 930 26 847, for meir informasjon om stillinga.

SØK STILLINGEN HER:

Firma: Olje- og energidepartementet

Olje- og energidepartementet si hovudoppgåve er å leggje tilrette for ein samordna og helheitleg energipolitikk.
Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og miljøvenleg forvaltning av energiressursane.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad vere spegla av mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få til ein balansert samansetnad på tvers av alder og kjønn, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og dei som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode. Opplysningar om dette kan bli brukt til registreringsformål.

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS