Redaktør Allkunne

Søknadsfrist: 03. september 2018

Her er sjansen for ein som er nysgjerrig på det meste, og som ønskjer å formidle påliteleg faktakunnskap på nynorsk på Internett. Redaktøren i Allkunne får høve til å samarbeide med skrivande fagfolk og andre som er med og utviklar dette oppslagsverket på nynorsk

Å vere redaktør i Allkunne er å styrkje bruken av nynorsk i den digitale kvardagen.

Redaktøren leier arbeidet til redaksjonssekretær, redaksjon oppnemnd av styret, forfattarar, fagkonsulentar og språkrettar. Redaktøren styrer drifta innanfor vedtekne budsjett og arbeider strategisk med utvikling og med finansiering for utvida drift.

Erfaring frå presse, kringkasting, tidsskrift eller forlag er ønskjeleg. Bakgrunn frå skuleverk, organisasjonsliv eller kulturliv kan vere ein fordel. Stillinga føreset solid allmennkunnskap. Kjennskap til relevante forskings- og dokumentasjonsmiljø hjelper på. Redaktøren bør ha mastergrad eller tilsvarande.

Denne leiarstillinga inneber å ta mange og raske avgjerder, vere synleg og utoverretta, meistre budsjett og rekneskap og like å administrere. Det er ein fordel at redaktøren er trygg på å bruke sosiale medium og følgjer med på den digitale utviklinga og mediebiletet. Stillinga inviterer til sans for godt språk og stø språkføring på nynorsk og føreset eit målretta engasjement til beste for nynorskbrukarane.

Som dagleg leiar har redaktøren det daglege redaktørmyndet i samsvar med redaksjonelle retningslinjer som sikrar sjølvstendet. Redaktøren rapporterer til direktøren og er som medlem i leiargruppa med og pregar utviklinga i Nynorsk kultursentrum.

Allkunne held til i Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke og tilbyd ein idémyldrande bedriftskultur, engasjerte kollegaer, mange innarbeidde rutinar, medlemskap i Statens pensjonskasse, afp-ordning, gruppelivsforsikring og løn etter avtale.

Stillinga er ledig frå 1. november. Fleire opplysningar får du hos direktør Ottar Grepstad, tlf. 70 04 75 75 eller 906 16 727.

Grip sjansen: Fortel kva du vil utrette i stillinga, og send søknad med cv og relevante vedlegg seinast måndag 3. september til [email protected].

Firma: Nynorsk Kultursentrum

Allkunne er eit tverrfagleg redigert digitalt oppslagsverk på nynorsk med over 25 000 artiklar. Med to fast tilsette er Allkunne ei driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum, som også eig og driv Aasen-tunet (Ørsta), Hauge-senteret (Ulvik), Vinje-senteret (Vinje), tre festivalar og åtte andre nettstader. Nynorsk kultursentrum har 20 fast tilsette og ventar inntekter på om lag 33 millionar i 2018. År for år utviklar vi rolla som samfunnsaktør med nye prosjekt og publikumstilbod.