Stillingsannonse:

Sommarvikarar i NRK-sporten

Søknadsfrist: 24. januar

Denne artikkelen er over to år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

NRK

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

NRK Sport søkjer dyktige sommarvikarar frå juni til ut august 2022. Konkret periode blir avklart med den enkelte.

Vi treng journalistar med eit lidenskapleg forhold til sport og journalistikk. Du må ha gode evner til, og eit intenst sug etter, å formidle nyheiter og engasjerande historier til eit stadig meir kresent publikum. Vi vil at folk skal velje NRK, på alle plattformer - nett, TV og radio.

Som sommarvikar kjem du til å arbeide på den fleirmediale nyheitsdesken på Marienlyst.

Blant veldig mykje anna, er EM i fotball for kvinner, og VM og EM i friidrett, det største som skjer på sportsfronten i sommar.

Vi er den største sportsredaksjonen i Noreg. Totalt arbeider det rundt 90 personar i NRK-sporten, fordelt på ei rekkje fag-grupper.

NRK skal spegle mangfaldet i det norske samfunnet. Har du fleirkulturell kompetanse, eller nyttar nynorsk, er du ein interessant søkjar fordi NRK ønskjer å styrkje seg på desse områda. Vi ønskjer òg å rekruttere fleire kvinner til sportsjournalistikken.

Arbeidsoppgåver:

Nyheitsjobbing for nett, TV eller radio. Reiser kan bli aktuelt, men primært blir arbeidet knytt til deskane heime.

Vi treng òg journalistar med erfaring som redaksjonelle arbeidsleiarar, som kan steppe inn som vaktsjef når det er behov for det.

Det er fint om søkjarane spesifiserer spisskompetansen sin.

Kvalifikasjonar:

  • Du må ha journalistisk erfaring frå sports- eller nyheitsredaksjonar.
  • Du må ha utdanning innan journalistikk frå universitet eller høgskule eller vere i gang med studia.
  • Du må raskt kunne tileigne deg teknologien og arbeidsverktøya som er i bruk i ei moderne mediebedrift.

Personlege eigenskapar:

  • Du må vere lidenskapleg interessert i, og ha kunnskap om, sport.
  • Du må ha ha nyheitsteft og kunne jobbe raskt under tidspress.
  • Du må vere ein god historieforteljar og ha eit godt munnleg og skriftleg språk.
  • Du må vise engasjement, energi og initiativ og vere i stand til å jobbe fram eigne saker.
  • Du må vere innstilt på å jobbe på ulike plattformer.

Vi tilbyr:

  • Spennande og aktive månader i Noregs største sportsredaksjon. Vi stiller krav, men vi skal ha det moro på jobb!
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med mykje kunnskap som vi gjerne deler.
  • Høgt tempo og godt humør.
  • Grunnleggjande innføring i bruk av dataverktøy.
  • Løn etter gjeldande avtaleverk.

Kontaktinformasjon

Geirmund Henjum, redaksjonsleiar, 97403861, geirmund.henjum@nrk.no

Søk på stillinga

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS