Sunnmørsposten søkjer sommarvikarar

Søknadsfrist: 15. februar

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Har du lyst til å jobbe saman med dyktige kollegaer i det største mediehuset mellom Bergen og Trondheim?

Vi er ute etter medarbeidarar med journalistisk stå-på-vilje og ønskje om å fortelle dei gode og vesentlege historiene.
Du må tenkje digitalt først, og kunne jobbe sjølvstendig.

Vi skal ha vikarar til nyheits-, kultur- og sportsredaksjonen.
Du må kunne levere eigne foto til sakene dine, og gjerne video.

Vi søkjer også etter fotojournalist som kan levere eigne saker.

Vikariata varer frå midten av juni til midten av august.

Presiser i søknaden kvar du helst ønskjer å jobbe.
Du bør ha førarkort for bil.
Arbeidsstad blir hovedredaksjonen i Ålesund.

Meir informasjon om vikariata:

Sindre Halkjelsvik, nyheitsredaktør
sindre.halkjelsvik@smp.no, 90611026

Kristin Knudsen, kultur- og reportasjeredaktør
kristin.knudsen@smp.no, 90201225

Helge Skuseth, avdelingsleiar sport
helge.skuseth@smp.no, 91615657

Eirik Meling, klubbleiar NJ
eirik.meling@smp.no, 92240160

Søknad med referansar, CV og arbeidsprøver skal sendast innan 15. februar til sindre.halkjelsvik@smp.no.

Firma: Sunnmørsposten

Sunnmørsposten når ut til nærare 100.000 daglege lesarar på papir, nett og mobil.
Nettstaden smp.no har rundt 240.000 unike brukarar i veka.
Hovudkontoret ligg i Ålesund, og det er rundt 40 stillingar i dei redaksjonelle avdelingane.
Sunnmørsposten er del av Polaris Media ASA, eit av Norges leiande mediekonsern.

Powered by Labrador CMS