Taleskrivar / kommunikasjonsrådgjevar

Søknadsfrist: 23. november

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Kommunikasjonseininga har ei ledig stilling som taleskrivar/
kommunikasjonsrådgjevar/- seniorrådgjevar.

Kommunikasjonseininga legg til rette mediekontakten for politisk leiing og koordinerer kommunikasjonsverksemda i departementet. Arbeidet skjer i nær kontakt med politisk leiing og fagavdelingane i departementet.

Arbeidsoppgåver

  • Skrive talar for statsråden
  • Ha tett kontakt med fagavdelingane og politisk leing
  • Løyse daglege oppgaver i Kommunikasjonseininga som:
    - Produksjon av medieklippmappe og medieanalysar
    - Innlegg og kronikkar
    - Tekst, video, m.m. til nett og i sosiale medier
    - Førebu reiser og arrangement

Kvalifikasjonar

Relevant høgre utdanning fortrinnsvis på masternivå eller tilsvarande.

Erfaring fra, og god kjennskap til media, politikk og kommunikasjon.

Svært god skriftleg og munnleg formuleringsevne både på norsk og engelsk.

Stor nøyaktigheit, også under press.

Det er ein fordel med kunnskap om departementet sine arbeidsområde.

Personlege eigenskapar

Vedkomande må vere omgjengeleg, samarbeidsorientert og vand til å arbeide under korte tidsfristar.

Kontakt kommunikasjonssjef Ole Berthelsen, mobil 930 26 847, for meir informasjon om stillinga.

Lønnsspenn: kr. 456 900 - 600 000.

Søkjarane vert gjort oppmerksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjort, sjøl om dei ber om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste.

Den statlege arbeidsstyrken skal i så stor grad som mogleg spegle mangfoldet i samfunnet og utnytte potensialet i befolkningas samla kompetanse. Staten oppfordrar derfor kvalifiserte kandidater med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring til å søkje jobb i staten. Departementet er IA-virksomhet.

SØK STILLINGEN

Firma: Olje- og energidepartementet

Olje- og energidepartementet si hovudoppgåve er å leggje til rette for ein samordna og heilskapleg energipolitikk.

Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og miljøvenleg forvalting av energiressursane.

Powered by Labrador CMS