Stillingsannonse:

Universitetet i Bergen søker kommunikasjons-medarbeidar

Søknadsfrist: 16. juni

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?

Kommunikasjonsmedarbeidar, internkommunikasjon

Kommunikasjonsavdelinga søker ein engasjert kommunikasjonsrådgjevar i fast 100% stilling. Den vi søker har god teft, strategisk og digital forståing. Vedkomande er interessert i og forstår verdien av god kommunikasjon.
Med 18 000 studentar og 4000 tilsette er UiB ein stor og kompleks organisasjon der internkommunikasjonen har ei viktig rolle i å både bidra til å nå ut med nyheter og informasjon, men og i å skape felles kultur og engasjement ved UiB.

Vi bygger no opp satsinga på internkommunikasjon og ser etter ein kreativ og allsidig medarbeidar til å stå sentralt i denne satsinga. Stillinga er ei fast 100% stilling som rådgjevar tilknytta den sentrale kommunikasjonsavdelinga til UiB,
eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid.

Stillinga vil være tett knytta til øvrig kommunikasjonsarbeid for å sikre heilskapleg, koordinert og god kommunikasjon.

Arbeidsoppgåver:

Internkommunikasjonen sine hovudoppgåver er å sikre ein informert organisasjon, vere eit verkemiddel for endrings- og ledelseskommunikasjon,
og legge til rette for bygge ein positiv organisasjonskultur.

Arbeidsoppgåvene inkluderer eit bredt spekter av kommunikasjonsformer og krev ein initiativrik person med variert kommunikasjonsfagleg kompetanse.
Digital forståing og interesse er ein føresetnad, og medarbeidaren evner å produsere godt og engasjerande innhald både til eigne nettsider og ulike sosiale media. Medarbeidaren evner å tenke strategisk og planmessig, men har også nyhetsteft og er oppdatert på samfunnsdebatten og evnar gripe moglegheiter og snu seg raskt rundt når det trengs.

  • Produsere, redigere og publisere nyhetssaker og digitalt innhald
  • Deske ny portal for internkommunikasjon
  • Planlegge og koordinere innhald til interne og eksterne målgrupper
  • Utforming av bodskap og tekst
  • Kommunikasjonsfagleg rådgjeving og støtte
  • Bidra i beredskapsarbeid og krisekommunikasjon
  • Handtere andre oppgåver i avdelinga ved behov, herunder pressekontakt og produksjon av eksterne nyhetssaker

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning på masternivå. Lang og relevant erfaring frå kommunikasjon/media kan i nokre tilfeller erstatte krav om utdanning
  • Trivs i ein til tider travel kvardag med høgt tempo
  • Interesse for og erfaring med kommunikasjonsarbeid
  • God formidlingsevne og meistrar ulike kommunikasjonsformer både i form av tekst og video
  • Erfaring med sosiale media og god kompetanse i bruk av nettbaserte publiseringsplattformar
  • Er flink til å skrive og er trygg på både bokmål, nynorsk og engelsk
  • Er ein god lagspelar og relasjonsbyggar, med evne til sjølvstendig arbeid

Vi kan tilby:

  • Fagleg utfordring og utvikling i eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid
  • Eit kjekt, dynamisk og engasjerande arbeidsmiljø i trivelege lokaler i Bergen sentrum
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse og stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-bedrift)
  • Fleksibel arbeidstid
  • Stilling som rådgjevar (kode1434) i lønnstrinn 62-67 (for tida kr 552 800 – 605 500) i det statlege lønnsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgre lønn bli vurdert
  • Gode velferdsordningar, blant anna trening i arbeidstida

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Deskleiar ved kommunikasjonsavdelinga Olaf Erlend Gundersen, olaf.gundersen@uib.no, tlf. 908 90 793 eller
Kommunikasjonsdirektør Tor Godal Tor.Godal@uib.no, tlf. 971 17 502

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje,
skal søkjaren varslast om dette.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN HER:

Firma: Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om kommunikasjonsavdelinga her.

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS