Stillingsannonse:

Vi søkjer etter journalist

Søknadsfrist: 16. juni

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Likar du å skrive, fotografere og gjerne lage videoinnslag?
Er du sjølvstendig og har førarkort?
Då kan du vere personen vi jaktar på til stillinga som allroundjournalist.

Du vil inngå i redaksjonen sine vaktturnusar og må kunne jobbe på kveld og i helgar. Du må kunne jobbe raskt og sjølvstendig, og vere glad i å snakke med folk.

Vi kan love deg ein spennande jobb i eit triveleg miljø, der du vil få arbeide med alle typar stoffområde.

Vi kan love deg ein spennande jobb i eit triveleg miljø, der du vil få arbeide med alle typar stoffområde.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:
redaktør Erling Wåge (911 80 780 – erling@fjt.no)

Tillitsvald for journalistane er:
Marianne Solheim Rotihaug (477 69 804 – marianne@fjt.no)

Søknader med vitnemål, arbeidsprøver og referansar kan sendast på e-post til: erling@fjt.no eller til Fjordenes Tidende, Boks 55, 6701 Måløy.

Søknadsfrist: 16. juni 2019

Firma: Fjordenes Tidende

Fjordenes Tidende er eit fritt og politisk uavhengig mediehus som har kontor i Måløy i Sogn og Fjordane. Vi har til saman ti tilsette. Redaksjonen består av fem journalistar og redaktør.

Avisa er eigd av Polaris Media og dekker kommunane Vågsøy, Selje, Bremanger, Eid og delar av Vanylven.

Fjordenes Tidende kjem ut to dagar i veka på papir og som e-avis, og driv også nettsida fjt.no

Powered by Labrador CMS