Stillingsannonse:

Vi treng journalist!

Søknadsfrist: Omgåande

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Kvinnheringen søkjer etter vikar/sommarvikar i redaksjonen.

Vi er på jakt etter ein person som ønskjer å jobba som journalist i ein periode, og aller helst ønskjer vi oss nokon som kan begynna på dagen og jobba her fram til 15. august.
Om det ikkje lar seg gjera, ønskjer vi ein ferievikar som kan jobba frå 1. juni til og med 15. august.

Vi søkjer ein sprudlande person som er glad i å snakka med menneske og jakta på nyhende, og som boblar over av gode idear!

Vi søkjer ein sprudlande person som er glad i å snakka med menneske og jakta på nyhende, og som boblar over av gode idear!
Vi bryr oss ikkje om du er ung eller gammal, mann eller kvinne, men du må vera glad i å skriva og beherska nynorsk.
Dagens mediesamfunn er i stor endring, og har du digital kompetanse vil det vera ein stor fordel.

Førarkort er ein føresetnad.

Søknadsfrist: Omgåande.

Har du spørsmål om stillinga kan du ringa Mona Grønningen på telefon 99224355, eller senda e-post til mona@kvinnheringen.no.

Vi ser fram til å høyra frå deg!

SØK STILLINGEN HER

Firma: Kvinnheringen

Lokalavisa Kvinnheringen er eigd av Amedia AS, og har flotte Kvinnherad kommune som dekningsområde.
Opplagstalet i fjor var 4.408.
Vi har dei siste åra vunne ei rekkje prisar for innhaldet vårt, og blei nyleg kåra til Årets lokalavis av Landslaget for lokalaviser

Powered by Labrador CMS