Stillingsannonse:
Vikariat som kommunikasjonsrådgjevar
Søknadsfrist: 7. april
Denne artikkelen er over fem år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Havforskingsinstituttet søkjer etter ein kommunikasjonsrådgjevar i eit eittårig vikariat med moglegheit for fast tilsetting.
Sjøstøvlar og termodress er gjerne arbeidsantrekk hos oss!
Vi søkjer etter deg som kan filmsnuttar og foto til fingerspissane, og som veit akkurat kva sjanger som passar til dei ulike sosiale media.
Du er nyfiken, kreativ og ikkje redd for å gje deg i kast med alt frå ørsmå plankton i mikroskopet til torskejakt i skjergarden.
Sjøstøvlar og termodress er gjerne arbeidsantrekk hos oss!
Mikroformidling er eit format vi brukar stadig meir, og du har auge for gode motiv og spennande historier.
Den vi tilset må tola høgt tempo og strenge krav til kvalitet. Du bør ha nase for trendar innanfor digital formidling, og vera rask til å ta i bruk ny teknolog – og å dela kunnskap med kollegaene.
Vi er ute etter ein sjølvgåande kollega som held på humøret – også når det kokar på avdelinga. Du er stø i nynorsk og beherskar engelsk på eit relativt høgt nivå; både i tale og skrift.
Vi tilbyr ei lærerik og meiningsfull stilling i eit godt, dynamisk arbeidsmiljø med motiverte og kompetente kollegaer. Hos oss er det rikeleg rom for deg som er svolten på nye utfordringar og fagleg utvikling.
Arbeidsoppgåver
Vår nye kollega går inn i den daglege drifta av avdelinga – med leveransar til sosiale medium og nettsider som dei viktigaste oppgåvene.
Kvalifikasjonar
Utdanning frå universitet, høgskule eller fagskule innan relevante fag. Særleg relevant realkompetanse og/eller erfaring kan kompensera for utdanningskravet.
Vi krev dokumentert og dagsfersk erfaring med film og foto. Arbeidserfaring frå journalistikk og/eller kommunikasjonsarbeid er ein fordel.
Stillinga vert løna etter Statens lønnsregulativ som 1434 rådgjevar.
Spørsmål om stillinga
For meir informasjon kontakt:kommunikasjonsdirektør Torny Aarbakke,
tlf. 908 54 462, e-post: torny.aarbakke@hi.no
eller
rådgjevar Marie Hauge, tlf.: 975 68 384, e-post; marie.hauge@hi.no.
Havforskingsinstituttet er ei IA-verksemd som er opptatt av mangfald og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje stillinga.
Det vert gjort merksemd på at opplysingar om søkjarar kan offentleggjerast sjølv om søkjar har bedt om å ikkje verta oppført på søkjarlista. Søkjar vil verta orientert om dette på førehand.
Søknad med CV, arbeidsprøvar og kopi av attestar og vitnemål skal sendast
via link på denne sida.