Stillingsannonse:

Nynorsk Pressekontor søker nynorskjournalist

Søknadsfrist: 1. februar

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Nynorsk Pressekontor

er ei sjølveigande stifting som har som si fremste oppgåve å produsere og distribuere stoff på nynorsk til norske medium. Mottoet vårt er «Meir på nynorsk til fleire». Årleg sender vi ut om lag 25.000 artiklar til eit førtitals faste kundar i ulike delar av landet, og vi er operative mellom kl. 07.00 og 20.30 på kvardagar. NPK er finansiert dels av støtte frå Kulturdepartementet, dels av eigne kundeinntekter. NPK samarbeider med Norsk Telegrambyrå (NTB) for å styrkje posisjonen sin som leverandør av nyheiter og redaksjonelle tenester. Medarbeidarane i NPK, for tida åtte i talet, er formelt tilsette i NTB med dei rettar og plikter det fører med seg. NPK har felles lokale med NTB i Pressens Hus Skippergata 24 i Oslo. Samarbeidet mellom Stiftinga NPK og NTB er regulert i ein eigen samarbeidsavtale, og gir medarbeiderne tilgang til ferieleilegheit både i Nice og på Skeikampen. Les meir om Nynorsk pressekontor (NPK)

Vi har spennande jobb til deg

Det er ledig fast stilling som journalist i Nynorsk pressekontor. Dersom du er interessert i å vera journalist og formidla nyhende på eitt av verdas vakraste skriftspråk, bør du snu deg raskt rundt, klakka ned ein søknad og sende til oss.

Vi er ute etter ein allsidig og skrivefør ny kollega, som kan vera med og løfta oss og nynorsken inn i framtida. Som medarbeidar i NPK må du vere førebudd på svært varierte, spennande, og av og til litt kjedelege oppgåver. Men sidan vi held til midt i hovudstaden, er det eigentleg berre din eigen kreativitet som set grense for kva du kan laga sak på, kven du kan intervjua. Utfordringa er å finne ein knagg, eller ei vinkling som er interessant nok til å laga ei sak som mange vil publisere. Finn du det, er det mest rett fram!

Vi er opptil fleire rutinerte medarbeidarar i Nynorsk pressekontor og kan godt tenkje oss å få inn ei eller ein som ser oss og det vi gjer med litt andre og gjerne friske, digitale auge.

Det er mange utfordringar, men endå fleire moglegheiter i den nye mediaverda, og vi skal gjer vårt for at det kjem endå meir godt og viktig lesestoff med nyhetsverdi på nynorsk ut til endå fleire enn i dag. Kanskje du er den som skal gjera oss endå betre til det.

Kontaktperson

Gunnhild Hokholt Bjerve, leder for redaksjonsklubben, 90988308, gunnhild.hokholt.bjerve@ntb.no.

Jan Inge Fardal, redaktør og dagleg leiar, 91310274, jani@npk.no


Søk på stillingen her

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS