Stillingsannonse:

Sunnhordland søker frontsjefer/journalister

Søknadsfrist: 09. november

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Mediehuset Sunnhordland

Har ein sterk posisjon i ein spanande region. Me har hatt ei positiv utvikling dei siste åra, med solid auke av lesarar og abonnentar. Me held til på Stord, og har lokaler i Leirvik sentrum.

Me trappar opp den digitale satsinga. No treng me deg som:

  • Elskar å jobba der pulsen slår, og brenn for å vera først og best på hendingar og dei viktigaste sakene
  • Er trygg på presseetikken
  • Er flink til å skaffa deg oversikt over nyheitsbiletet og spotta gode historier
  • Ivrar for at journalistikk skal nå ut til så mange som mogleg
  • Vert motivert av å bruka innsiktsverktøy, og kan kjenna ei oppriktig glede av å sjå lesarane kasta seg over ei godt vinkla sak

Som frontsjef vil du gå inn i ein turnus med kveld- og helgevakter. Du vil produsera eigne saker og nyheitsmeldingar, i tillegg til å redigera andre sine.

På dagvaktene vil du jobba som skrivande journalist. Du blir ein del av – og er forventa å bidra aktivt til – eit ambisiøst og raust arbeidsmiljø.

I tilfelle intern rekruttering jaktar me på nye journalistar. Nøl ikkje med å ta kontakt viss du vil vera med på å gjera Sunnhordland til ei endå betre avis.

  • Søknadsfrist: 19. oktober

Nærare opplysningar om dei ledige stillingane kan du få hos:

Marit Holm, ansvarleg redaktør, marit@sunnhordland.no, tlf 951 53605

Vidar Hope, digitalredaktør, vidar @sunnhordland.no, tlf 982 42030

Kjetil Østrem, klubbleiar, tlf 982 42022

Søk på stillingen her

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS