Stillingsannonse:

Vi har ledig stilling som nyheitsjournalist

Søknadsfrist: 1. desember

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Avisa Valdres

Er lokalavisa for Valdres-regionen. Avisa har over 119 års tradisjon som den leiande lokalavisa for dei seks Valdreskommunane. Regionen har ca. 17.500 innbyggjarar og 19.000 fritidsbustadar. Lesarane våre bur i Valdres, har hytte i Valdres, er utflytte valdrisar, eller har anna tilknyting til regionen. Vi har eit opplag på ca 8.800. Vi opplever sterk utvikling på nett, og har papiravis tysdagar, torsdagar og laurdagar. Vi gir også ut Valdresmagasinet seks gonger i året. Valdres Media er eigd av GD-konsernet på Lillehammer og vi er ein del av Amedia.

Kan du tenkje deg å jobbe i ein avisredaksjon der kvar dag er ulik, og du i stor grad jobbar med å setje dagsorden? Der du kan jobbe med å utvikle nyheiter og saker for nett og papir? Der du får høve til å jobbe med alle sjangrar og saksfelt, men med spesielt auge for nyheitsfeltet.

Journalistikken er i stor utvikling om dagen, også for lokalavisa. Frå å gje ut avis på papir tre/fire gonger i veka lagar vi no avis døgnet rundt. Vi er der det skjer og vi ynskjer å setja dagsorden. Vi skal utfordre makta og gå tett på, og vi skal også fortelje dei gode og nære historiene. Vi kan love ein variert arbeidsdag med høgt tempo og mange spanande utfordringar. Vi trekkjer store veksler på vera ein del av eit leiande aviskonsern.

Som journalist i avisa Valdres får du også i stor grad jobbe sjølvstendig med stort rom for eigne idear og medverknad

  • Den vi søkjer jobbar raskt, trivst med høgt tempo og har teft for dei gode sakene.
  • Du har eit breitt interessefelt, og kan skrive både nynorsk og bokmål.
  • Du har like eins augo for gode bilete.
  • Du må ha førarkort klasse B/vi har reportasjebilar
  • Du har utdanning og/eller erfaring frå journalistisk arbeid, god kjennskap til sosiale medium, og har høg digital kompetanse og interesse.

Stillinga er fast, og vil inngå i turnus med kvelds- og helgevakter. Arbeidsstaden er Fagernes. Vi held til i nye og moderne redaksjonslokale i avishuset i Skrautvålsvegen 15.

Kontaktpersoner

Hilde Lysengen Havro, ansvarleg redaktør/dagleg leiar, hilde.havro@avisa-valdres.no, tlf. 951 20 776

Geir Helge Skattebo, klubbleiar, geir.skattebo@avisa-valdres.no, tlf. privat nr. 959 61 794

Søk på stillingen her

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS